Til Engelsk




Namn
Master i landskapsarkitektur

Omtale av studiet

Master i landskapsarkitektur er eit mastergradsstudium på 4 semestre – 120 studiepoeng, ved AHO. Studiet er basert på ein bachelorgrad eller tilsvarande frå annan institusjon på samme nivå som AHO.

Studiet vektlegg urban landskapsarkitektur innanfor eit studiobasert curriculum med fokus på design. Studiet tilbyr både studiokurs i landskapsarkitektur og urbanisme, samt fordjupningskurs i historie, teknikk og teori, som i kombinasjon danner ei omfattande profesjonell utdanning til Master i landskapsarkitektur.

Undervisninga består kvart semester av eitt studiokurs på 24 studiepoeng og eitt fordjupningskurs på 6 studiepoeng. Kursa i landskapsarkitektur er obligatoriske.

Diplomarbeidet omfattar 36 studiepoeng, der 6 studiepoeng er avsett til eit obligatorisk diplomførebuande kurs som skal takast i siste semester før diplom.Kurset må vere bestått før semesterstart i diplomsemestret.Diplomførebuande kurs vert gitt både i haust- og vårsemester.

Undervisning

Læringsmål og struktur for undervisninga er gitt for det enkelte kurs i studieplanen.For oversikt over forløpet i semestret, sjå studiekalenderen på www.aho.no .

Fulltidsstudium

Mastgradsstudia er fulltidsstudier som baserer seg på og føreset nærvær og arbeid på salen/verkstaden, samt medverknad i gjennomgangar, delgjennomgangar, forelesingar, workshops og seminar. Master i landskapsarkitektur er ikkje tilrettelagd som deltidsstudium ved AHO

Studiokurs

Eit studio har ein ansvarleg lærar som saman med eit lærarteam har ansvar for undervisning og tilrettelegging av progresjon gjennom kurset.Krava til progresjon vert målte ved tett oppfølging av studentane.Lærarteamet har ansvar for å gi den einskilde student rettleiing, delgjennomgangar med ulike gruppestorleikar, gjennomføring av forelesingar, seminar, workshops og ekskursjonar.Ved semesterstart skal studentane ha ein semesterplan som inneheld nødvendig informasjon om kurset. Det er ein føresetnad for studioundervisninga at den individuelle rettleiinga vert tilrettelagd i eit samarbeid mellom student og rettleiar.Undervisninga er anten på norsk, engelsk og norsk, eller berre på engelsk.

Fordjupingskurs

Fordjupingskurs har karakter av fordjupings- og/eller verktykurs. Dei er tilgjengelege for alle studentar som har bestått 4 semester, uavhengig av studieretning. Undervisninga er anten på norsk, engelsk og norsk, eller berre på engelsk.

Vurdering

I semesterplan/kursomtale som vert utlevert av ansvarleg faglærar ved semesterstart skal kriterium for vurdering av prosjektoppgåver/kursoppgåver vere spesifisert.

Forskrift for maststudiet inneheld paragrafar for innlevering av supplerande materiale ved ikkje bestått grunnundervisning, utsett eksamen eller utsett innlevering på grunn av sjukdom, samt kontinuering ved ikkje bestått skriftleg eller munnleg eksamen.

I grunnundervisninga

skal prosjektoppgåve avsluttast med gjennomgang av studentane sine prosjekt med oppnemnd sensorutval.Bedømming av prosjektoppgåver byggjer på nærvær, semesterprogresjon og kvaliteten på innlevert materiale.

I masterundervisninga

skal studiokursane avsluttast med gjennomgang av studentane sine prosjekt med oppnemnd sensorutval, minst ein sensor skal vera ekstern.

Vurdering av prosjektoppgåver byggjer på nærvær, semesterprogresjon og kvalitet på innlevert materiale.Ved evaluering av prosjektarbeidet vil det bli stilt krav relatert til talet på semester studenten har gjennomført.Mengd studiepoeng og fordeling av studiepoeng som kurset gir er vist i studieplanen.

For fordjupingskurs

skal vurdering byggje på nærvær, medverknad og kvalitet på innlevert materiale.Temakursane vert vurderte til bestått/ikkje bestått.

For diplom

visas det til forskrift for mastergradsstudia og rutiner for diplombedømming. Etter avslutta utdanning vert det utarbeidd Diploma Supplement saman med avsluttande vitnemål og karakterutskrift for internasjonal godkjenning av grad og studium.

Karaktersystemet ved AHO

Det er felles karaktersystem for alle studieprogramma ved AHO:

  • Karakterskalaen A-F for dei tre fyrste årskursa.I denne karakterskalaen er E lågaste ståkarakter. Studiokursa i fyrste år vert bedømt til Bestått - Ikkje bestått .
  • Karakterskalaen Bestått – Ikkje bestått vert nytta på alle kurs i masterundervisninga samt diplom.
  • Det skal utarbeidast skriftlege evalueringar for alle studiokurs i masterundervisninga.

 

Evaluering av undervisninga

AHO føreset at studentane leverer inn den individuelle evalueringa si av undervisninga før semestret vert avslutta.Evalueringa skjer elektronisk og er anonym.Det vert levert inn ei evaluering pr del i grunnundervisninga, studiokurs, fordjupningskurs, sjølvprogrammert kurs og diplom.Studentane si evaluering er ein del av kvalitetssikringa av undervisninga på AHO. Den generelle evalueringa vert også gjennomført av eksterne sensorar og ansvarleg faglærar. Institutta, undervisningsutvalet og læringsmiljøutvalet har ansvar for å følgje opp manglar og problem som blir tekne opp. Oppsummering av evalueringsresultata og tiltak vert lagt ut på heimesida vår under Studiekvalitet .

Ekskursjonar

Landskapsarkitektstudiet har hatt tradisjon for å gjennomføre ein ekskursjon i inn- eller utland kvart semester, av ei lengd på 1 til 2 veker.Utgifter til ekskursjonar må dekkast av studentane sjølve. Ekskursjonar er ikkje obligatoriske, men AHO tilrår studentane å nytte seg av dette tilbodet. Det vert sett opp eige program for studentar som ikkje deltek på ekskursjonar.

Materialkostnader

Materialkostnader vert dekte av studentane sjølve. AHO er ikkje i stand til å yte alle studentar datautstyr og programvare til ei kvar tid. Det vert derfor forventa at studentane skaffar seg eige datautstyr.