Til Engelsk




Namn
Master i industridesign

Omtale av studiet

Master i industridesign er eit gjennomgåande studieprogram på 10 semester – 300 studiepoeng, og er samansett av grunnundervisning på 6 semester, studioundervisning på 3 semester samt ei avsluttande diplomoppgåve som går over eitt semester.

Grunnundervisninga er obligatorisk og fyrste studieår er tilrettelagt som eit heilskapleg studieopplegg. I dette studieåret vil det vere ein del felles forelesningsrekkjer og fellesundervisning med studentane på arkitekturstudiet.

6. semester er samansett av eitt prosjekteringskurs på 20 studiepoeng og Examen philosophicum på 10 studiepoeng.

På masternivå består kvart semester av eitt studiokurs på 24 studiepoeng og eitt fordjupingskurs på 6 studiepoeng.

Diplomarbeidet omfattar 30 studiepoeng. I tillegg er det eit obligatorisk diplomførebuande kurs (6 sp) siste semester før diplom. Kurset må vere bestått før semesterstart i diplomsemestret. Diplomførebuande kurs vert gitt både i haust- og vårsemester.

Undervisning

Læringsmål og struktur for undervisninga er gitt for det enkelte kurs i studieplanen. For oversikt over forløpet i semestret, sjå studiekalenderen på www.aho.no.

Fulltidsstudium

Mastgradsstudia er fulltidsstudiar som baserer seg på og føreset nærvær og arbeid på salen/verkstaden, samt medverknad i gjennomgangar, delgjennomgangar, forelesingar, workshops og seminar. Master i industridesign er ikkje tilrettelagd som deltidsstudium ved AHO

Grunnundervisninga

Kursa i grunnundervisninga er basert på studioundervisning. Her inngår forelesingar, seminar og workshops. I tillegg inneheld grunnundervisninga enkelttema som er skilt ut som eigne fag. Undervisningsspråk i grunnundervisinga er norsk.

Studiokurs

Eit studio har ein ansvarleg lærar som saman med eit lærarteam har ansvar for undervisninga og tilrettelegginga av progresjon gjennom kurset. Krava til progresjon vert målte ved tett oppfølging av studentane. Lærarteamet har ansvar for å gi den einskilde student rettleiing, delgjennomgangar med ulike gruppestorleikar, gjennomføring av forelesingar, seminar, workshops og ekskursjonar. Ved semesterstart mottek studentane ein semesterplan som inneheld nødvendige informasjon om kurset. Det er ein føresetnad for studioundervisninga at den individuelle rettleiinga vert tilrettelagd i eit samarbeid mellom student og rettleiar. Undervisninga er anten på norsk, engelsk og norsk, eller berre på engelsk.

Fordjupingskurs

Fordjupingskurs er tilgjengelege for alle studentar på masternivå og kan takast på tvers av studieregningane. Undervisninga er anten på norsk, engelsk og norsk, eller berre på engelsk.

Vurdering

I semester- og studieplan skal kriterium for vurdering av prosjektoppgåver/kursoppgåver vere spesifisert.

Forskrift for maststudiet inneheld paragrafar for innlevering av supplerande materiale ved ikkje bestått grunnundervisning, utsett eksamen eller utsett innlevering på grunn av sjukdom, samt kontinuering ved ikkje bestått skriftleg eller munnleg eksamen.

I grunnundervisninga

skal prosjektoppgåve avsluttast med gjennomgang av studentane sine prosjekt med oppnemnd sensorutval. Bedømming av prosjektoppgåver byggjer på nærvær, semesterprogresjon og kvaliteten på innlevert materiale.

I masterundervisninga

skal studiokursane avsluttast med gjennomgang av studentane sine prosjekt med oppnemnd sensorutval, med minst ein ekstern sensor.

Vurdering av prosjektoppgåver byggjer på nærvær, semesterprogresjon og kvalitet på innlevert materiale.Ved evaluering av prosjektarbeidet vil det bli stilt krav relatert til talet på semester studenten har gjennomført. Nærare informasjon om dei ulike kursa finst i AHOs studieplan; innhald, omfang og læringsutbyte finst i studieplanen for det einskilde semester.

For fordjupingskurs

skal vurdering byggje på nærvær, medverknad og kvalitet på innlevert materiale.

For diplom

visas det til forskrift for mastergradsstudia og rutiner for diplombedømming.

Etter avslutta utdanning vert det utarbeidd Diploma Supplement  saman med avsluttande vitnemål og karakterutskrift for internasjonal godkjenning av grad og studium.

Karaktersystemet ved AHO

  • Karakterskalaen A-F vert innført i dei tre fyrste årskursa, hvor E er lågaste ståkarakter. Unntak frå dette er at studiokurs 1. og 2. semester vert dømt til Bestått - Ikkje bestått.
  • Karakterskalaen Bestått – Ikkje bestått vert nytta på alle kurs i masterundervisninga samt diplom.
  • Det skal utarbeidast skriftlege evalueringar for alle studiokurs i masterundervisninga.
Evaluering av undervisninga

AHO føreset at studentane deltek i evaluering av undervisninga gjennom elektroniske og anonyme spørreskjema før semesterslutt. Det er ei evaluering pr del i grunnundervisninga, studiokurs, fordjupningskurs, sjølvprogrammert kurs og diplom. Studentane si evaluering er ein del av kvalitetssikringa av undervisninga på AHO. Den generelle evalueringa vert også gjennomført av eksterne sensorar og ansvarleg faglærar. Institutta, undervisningsutvalet og læringsmiljøutvalet har ansvar for å følgje opp manglar og problem som blir tekne opp. Oppsummering av evalueringsresultata og tiltak vert lagt ut på heimesida vår under Studiekvalitet.

Ekskursjonar

Industridesignstudiet har tradisjon for å gjennomføre ekskursjonar i inn- eller utland, av ei lengd på inntil 1 veke. Utgifter til ekskursjonar vert dekte av studentane sjølve. Ekskursjonar er ikkje obligatoriske, men AHO tilrår studentane å nytte seg av dette tilbodet. Det vert sett opp eige program for studentar som ikkje deltek på ekskursjonar.

Materialkostnader

Materialkostnader vert dekte av studentane sjølve. AHO er ikkje i stand til å yte alle studentar datautstyr og programvare til ei kvar tid. Det vert difor forventa at studentane skaffar seg eige datautstyr.

Oppbygginga av studiet

Nivå

Type kurs

Studiepoeng pr. semester

Obligatorisk?

1-6. semester

Grunnundervisning

30

Ja

7-9. semester

Studiokurs

24

Ja, med valg

7-8. semester

Fordypningskurs

6

Ja, med valg

7-8. semester

Utveksling, max. 2 semester

30

Nei

9. semester

Diplomprogrammering

6

Ja

10. semester

Diplom

30

Ja